|
Askvoll sogenemnd blei skipa i 1946 av Askvoll kommunestyre. Nemnda blir utpeika av kommunen i samband med kommunestyrevala kvart fjerde år. Det vert lagt vekt på å få ei god geografisk fordeling av representantane.
Medlemmer i sogenemnda 2011-2015:
- Atle Hellevik (leiar)
- Gaute Losnegård
- Kirsten Grane
- Kjell Eikemo
- Gunhild Berge Stang
- Steinar Kjempenes
- Randi Bjørneset
- Oddvar Gjelsvik
Vara:
- Rolf Losnegård
- Kari Eikenes Helle
- Lasse Vie
Sogenemnda har gjeve ut slektsbøkene "Folket II A og B" (1971-72) og "Folket III" (1987). Dei siste tiåra har nemnda også gjeve ut årlege sogehefte og ein del andre bøker. Nokre år har vi også gjeve ut lokalhistoriske kalenderar. Les meir om bøkene våre her.
I 2005 vedtok Askvoll kommune, etter initiativ frå sogenemnda, å ta opp arbeidet med å få skrive ei ny bygdebok for Askvoll. I februar 2007 vart Gaute Losnegård tilsett som sogeskrivar. Les meir om prosjektet her.
Sogenemnda er også med på å arrangere ulike lokalhistoriske arrangement. I august 2006 bidrog vi til å skipe til bautasteinseminar i Rivedal. I august 2007 arrangerte vi geologitur til Brurastakken. Les meir om dette her.
|