Bygdebok for Askvoll

 

"Havfolk og fjordfolk"

føreligg i to bind

 

Frå boksleppet i 2009 då bind I var ferdig

BØKENE ER NO I HANDELEN I FØLGJANDE BUTIKKAR I ASKVOLLOMRÅDET:

-HUSFLIDSBUA (ASKVOLL)

- COOP (ASKVOLL)

- ASKVOLL SJØMAT OG DELIKATESSER

- FLUGGER ASKVOLL

-STUBHAUG & CO (KVAMMEN)

-NÆRBUTIKKEN I STONGFJORDEN

-ATLØY DAGLEGVARER

-NIKØY A/S

-JOKER VÆRLANDET

-NÆRBUTIKKEN HOLMEDAL

-ERLING EIKEMO

-KORSSUND HANDEL

-O A SKAAR (GRYTØYRA)

 

DESSUTAN I FØLGJANDE BOKHANDLAR:

- DALE BOK OG PAPIR

- LIBRIS FØRDE (BEGGE BUTIKKANE)

- LIBRIS ØKLAND (FLORØ)

- NORLI GALLERIET (BERGEN)

- ARK BEYER (BERGEN)

 

BOKA KAN OGSÅ TINGAST DIREKTE FRÅ ASKVOLL BIBLIOTEK

Send inn di bestilling til

Første bindet av "Havfolk og fjordfolk" tek for seg historia om Askvollsamfunnet frå dei eldste tider fram til 1865. Her er nokre stikkord: den geologiske historia, steinalderbustadene langs kysten, helleristningane på Atløyna og i Staveneset, Ingolf Arnarson, svartedauden, fiskerihistoria, eigedomsforholda under Svanegodset, hekseforfølgjingar, skatteopprøret på Fristad i 1769, gamle skipsvrak, skulehistorie og mykje mykje meir.

Andre bindet tek for seg historia vidare framover frå 1865 til 2011. Mellom anna framveksten av industri i Stongfjorden og langs Dalsfjorden, hermetikkindustrien i Askvoll, på Grytøyra og Atløyna, den første bilismen, andre verdskrigen, politiske stridar i etterkrigstida (bl.a. kaisaka i Askvoll og striden om Dalsfjordsambandet) og mykje mykje meir.

Bøkene kostar 498,- for kvart bind.

 

 

 

 

 

 

Om bakgrunnen for bygdebokprosjektet

Bygdebokprosjektet i Askvoll har ei lang og kronglete historie. Hovudmålet kommunen hadde med å skipe sogenemnda i 1946 var å få skrive ei slik bok. Abraham Loftheim arbeidde i mange år med prosjektet. I 1963 låg bind I føre, som handlar om kristendommen, kyrkjene og prestane i kommunen.

Abraham Loftheim døydde i 1966. Basert på hans arbeid gav sogenemnda ut slektsbøkene "Folket II A og B" i 1971-72. Svein Åge Knudsen utarbeidde "Folket III", som kom i 1987 og er ei slektssoge for Førdefjordområdet.

Askvoll kommune har altså inga fullstendig allmennsoge, altså ei sogebok som tek for seg den historiske utviklinga til heile lokalsamfunnet, og berre ei utdatert slektssoge. På denne bakgrunnen tok sogenemnda i 2004 opp spørsmålet om å få skrive ei ny bygdebok.

Kommuneadministrasjonen og Sparebanken Sogn og Fjordane var positive til dette. Men på grunn av at Askvoll kommune var inne i ROBEK-registeret, tok det tid å få godkjent ein kommunal lånegaranti hjå Fylkesmannen. I 2006 var dette i orden, og i februar 2007 vart Gaute Losnegård tilsett som sogeskrivar. I 2009 kom bind I av boka og i 2011 bind II.