|
Gaute Losnegård:
Havfolk og fjordfolk -
Allmennsoge for Askvoll kommune
Bind I
Første bindet av "Havfolk og fjordfolk" tek for seg historia om Askvollsamfunnet frå dei eldste tider og fram til ikring 1865. Her er nokre stikkord: den rike geologiske historia i området, steinalderbustadene langs kysten, helleristningane på Atløyna og i Staveneset, Ingolf Arnarson, svartedauden, fiskerihistoria, eigedomsforholda under Svanegodset, hekseforfølgjingar, skatteopprøret på Fristad i 1769, skipsforlis langs kysten vår, skulehistorie og mykje mykje meir. Boka er på 552 sider og gjennomillustrert i fargar med bilete, kart og figurar.
Pris: 598,-
Kvammen kapell 30 år 1977-2007 (2007)
Kvammen kapell feirar i 2007 30-årsjubileum. Denne boka tek føre seg forhistoriak til kapellet, bruken av det før og no, og kva det har betydd for folk i Kvammen. Her er også oversyn over alle som er døypte, gifte og konfirmerte (sistnemnde også med bilete) i kapellet. Ei rekkje personar har bidrege til boka, som er eit samarbeidsprosjekt mellom kyrkjelydsutvalet i Kvammen og Askvoll sogenemnd.
Pris: 250,-
Arvid Follevåg: Askvoll - kommunesenteret ved Sunnfjordleia (2006)
Ei 1900-talsvandring frå Lensmannsgarden på Røyset til skulen ved Straumsbrua. I løpet av hundreåret har Askvollbygda vakse fram som ein tettstad med industri, servicetilbod og offentlege tenester. Forfattaren, som er vaksen opp i bygda, har gjort eit storarbeid med intervju og sogegransking. Steinar Bauge har hjelpt til med biletmaterialet.
Pris: 350,-
Bautasteinseminar 12. august 2006: Kompendium- faglege innlegg (2006)
Kompendiet inneheld dei fire innlegga som vart haldne på seminaret. Elisabeth Skjelsvik: Bautasteinar, reiste stein. - Utbredelse, datering, funksjon. Gaute Losnegård: Bautasteinane og nasjonsbygginga. Trude Knutzen: Korleis gje liv til tause bautasteinar? Om metode og tolking. Berit Gjerland: På skattejakt! Ei reise til bautasteinane kring Dalsfjorden.
Pris: 50,-
Frå Blegja til Bulandet - biletbok for Askvoll 1905-2005 (2005)
Eit bilete seier meir enn tusen ord, vert det sagt, og ofte er dette sant. Denne biletboka inneheld for det meste eldre, men også nokre nyare bilete frå bygdene kringom i Askvoll. Boka byggjer på det arbeidet som vart gjort for å lage ei utstilling i gamle Doktargarden i Askvoll i samband med hundreårsjubileet for 1905.
Pris: 200,-
Sogehefte for Askvoll nr. 17 2004
Dette sogeheftet er eit temanummer som er vigd posthistoria i Askvoll. Her er eigne artiklar om dei mange postkontora og landpostrutene som har vore i kommunen. I tillegg er det ein del andre artiklar, bl. a. om Askvolldialekten, og om Oluf Osland, som var ordførar i tidlegare Vevring kommune.
Pris: 120,-
Sogehefte for Askvoll nr. 16 2003
Dette sogeheftet inneheld 15 artiklar av variert innhald, alt frå historia om hestetrygdelaget i Holmedal og fiskarlaget i Bulandet, til livsminne frå uilike periodar og utdrag av segna om Jorunn i Alden.
Pris: 120,-
Sogehefte for Askvoll nr. 15 2002
Mykje av innhaldet i heftet er knytt til livet på havet, med fleire artiklar der sjøfart, fiske og fiskeindustri er tema. Her finst fleire livsskildringar, mellom anna har Sveinung Fristad skrive minne frå krigsåra, då familien hans laut flytte på grunn av dei tyske anlegga som kom på Eimind. Dessutan er ytterpunkta i det lokale kulturlivet representerte, gjennom omtale av både lokale emissærar (Samson Eliassen Vårdal) og utanlandske kunstnarar (Karl F. Kurtz). Sistnemnde har måla biletet på framsida.
Pris: 120,-
Sogehefte for Askvoll nr. 14 2001
Innhaldet i heftet er variert. Av artiklane kan nemnast Harald Leite som skriv om fiskeplassar og fiskemeder utanfor Værlandet og Bulandet, og fleire artiklar om forlis utanfor kysten vår. Vi har teke med matrikkelen 1866 for nokre av gardane i Stongfjorden. Her er fleire som har skrive livsminne, bl. a. fiskarkvinna Anna Håstein, og Helga Furevikstrand skildrar korleis det var å reise på julehandel i Kvammen i hennar oppvekst på 1950-talet. Ragnar Bull har skrive om den gamle altartavla i Holmedal, og det er denne som prydar forsida.
Pris: 120,-
Sogehefte for Askvoll nr. 13 2000
Heftet inneheld ei etterlysing frå norskkanadiarar på jakt etter slektningar, minne om ordførar Mathias Stubseid, bygdesoger frå Herland, om kvinneliv i Bulandet, utdrag av segnene om Jorunn i Alden og fleire andre artiklar.
Pris: 120,-
Askvoll Bygdebok - Folket II A og B (1971-72) og III (1987)
Dette er dei gamle slektsbøkene for Askvoll. Folket II A og B er utselde. Folket III har vi framleis på lager.
Pris: 300,-
Eldre sogehefte (1981-99)
Vi har endå igjen nokre eksemplar av dei første sogehefta (nr. 1-12) på lager.
Pris: nr. 1-5: 70,- pr. stk. nr. 6-12: 90,- pr. stk. Lurer du på kva sogehefta inneheld? Gå til Register til sogeskrift og sogehefte 1981-2004
Samla pakke med alle sogehefta (nr. 1-17)
Pakke med alle sogehefta får du for kr. 990,- (ordinær pris 1 580,-)
Bøkene er til sals på ein del av butikkane i Askvoll, og på biblioteket og kultur- og næringskontoret. Du kan også bestille dei frå:
Askvoll bibliotek, 6980 Askvoll, tlf. 57 73 33 33. Epost:biblioteket@its2000.no
|