Sogedagen 2011 - omvising i Vilnes kyrkje
Torsdag 11. august gjekk sogedagen 2011 av stabelen. Denne gongen i Vilnes kyrkje med Aud Elsa Grøneng som omvisar. Vêret var upåklageleg og litt over 30 personar hadde møtt fram, deriblant ein eigen delegasjon som kom frå Dale med skyssbåt.
Sogedagen 2010 - krigshistorisk vandring på Eimind
Sogedagen 2010 vart arrangert tysdag 10. august som ei krigshistorisk vandring på Eimind, der tyskarane bygde eit av Askvoll sine fire kystfort under andre verdskrigen. Gaute Losnegård heldt ei kort generell innleiing, deretter var Arvid Follevåg og Sveinung Fristad guidar på sine respektive eigedommar. Vi fekk sjå det som var att av fleire bunkersar og kanonstillingar, og Sveinung fyrte opp tennstoff for ammunisjon og viste fram krigsgjenstandar han brukte i skuletida (gassmaskesekk vart til ransel m. m.). Over 30 personar hadde møtt fram og med fint vêr blei dette eit vellukka arrangement.
Sogedagen 2009
Sogedagen 2009 hadde vi laurdag 15. august i det gamle skulehuset i Holevika. Det var godt frammøte av både eldre og yngre trass dårleg vêr, i alt kring 40 personar benka seg ved pultane som framleis står her. Olav Saltskår, Annfrid Vårdal og Malmfrid Stang fortalde frå si skuletid og Gaute Losnegård kåserte om skulevesenet i Askvoll i dei eldste tider.
Gruvevandring i Grimelia 2008
Laurdag 2. august arrangerte sogenemnda guida tur til gruvene i Grimelia. Gruvene her har ei lang historie, og har vore i drift i fleire periodar mellom 1760 og 1920. Vi hadde Dag Bentås, som bur i nærleiken, som guide, og han hadde mykje interessant å fortelje. Over 40 personar av fleire nasjonalitetar hadde møtt fram for å få med seg turen.
Geologitur til Brurastakken i 2007
3. august 2007 arrangerte sogenemnda geologitur til Brurastakken på Atløyna med geolog Einar Alsaker som guide. Vi var totalt 13 personar som var med han på turen. Først drog vi frå Gjervika til tunnelen mot Høyvikja for å sjå på ei forkastning som er tydeleg i fjellet ved den sørlege tunnelmunninga. Deretter tok bussen oss vidare til Brurastakken. Her gjekk vi først ned til Laukelandsvatnet på austsida av vegen ein tur og deretter over på vestsida og ned, og oppigjen gjennom eit skar i sjølve Brurastakken, over fjellet og ned att.
Heile tida forklarte og fortalde ein engasjert Einar om den geologiske historia i området og han drog linjer både til geologien elles i Sunnfjord, til oljeeventyret i Nordsjøen og til globale geologiske tema. Deltakarane spurte og grov, og nokre fann seg også steinprøver som dei tok med seg. Det vart funne ein diabasstein, noko som visstnok ikkje er kjent frå området tidlegare. Her kan du lese ei kort oppsummering av Einar og sjå fleire bilete frå turen.
Bautasteinseminaret i 2006
12. august 2006 arrangerte sogenemnda bautasteinseminar i samarbeid med Askvoll kommune og Rivedal grendelag. Seminaret blei halde i grendehuset i Rivedal. Tre arkeologar og ein historikar heldt innlegg: Elizabeth Skjelsvik (arkeolog og seniorforskar, Universitetet i Oslo), Trude Knutzen (arkeolog med hovudoppgåve om bautasteinar på Sunnmøre), Berit Gjerland (fylkesarkeolog i Sogn og Fjordane) og Gaute Losnegård (historikar og leiar i Askvoll sogenemnd). Omkring 40 personar deltok.
Etter seminaret var det rundtur for å sjå på bautasteinane i Rivedal, Kleppeneset og Bakkefjæra i Holmedal. Som bileta syner var vi heldige med været.
Dei faglege innlegga frå bautasteinseminaret føreligg no i eit stensilert kompendium. Det kostar 50 kroner. Bestill heftet her.
|