|
Her kan du sjå nærare på kva vi tilbyr av lokalhistoriske arangement og litteratur, lese om den kommande bygdeboka for Askvoll og kikke på gamle bilete. Vi har også linkar til andre aktuelle nettstader for deg som er interessert i historie.
SISTE NYTT (8. desember 2011):
ALLMENNSOGA FOR ASKVOLL - HAVFOLK OG FJORDFOLK - ER FULLFØRT
Bind II av "Havfolk og fjordfolk" kom i slutten av oktober. Boka kostar 498,-
Bind II av "Havfolk og fjordfolk", allmennsoga for Askvoll, kom i slutten av oktober. Boka tek føre seg historia om Askvollområdet (alt innanfor dagens kommunegrenser inkludert) frå omkring 1860 og fram til i dag. Her er mykje spennande stoff, og vi tek berre med nokre døme:
Sildefisket - frå svartåra i 1870-åra til nye eventyrtider i 1930- og 40-åra. Boka inneheld blant anna komplett liste over fiskebåtar over 50 fot heimehøyrande i Askvoll opp gjennom åra.
Framveksten av industri: bl. a. Stongfjorden, bygda som blei bygd opp som ein "company town" av British Aluminium Co. Visste du forresten at det var planlagt eit tredje teglverk i Straumen, i tillegg til dei to i Vårdal og på Helle?
Den første bilismen - drosjeeigar Oskar Ask og Ole Borlaug. Boka inneheld komplett liste over alle bilar, traktorar og motorsyklar i Askvoll fram til 1950.
Andre verdskrigen - om tyske festningsverk i Askvoll og om lokale folk som hamna i NS
Politiske stridar i etterkrigstida: bl. a. om den store kaistriden i 1950-åra, som vart viktig for utforminga av Askvoll sentrum
Og mykje mykje meir...
Boka kostar 498,- og er til sals hjå følgjande butikkar i Askvoll sentrum: Husflidsbua, Flugger, Coop og Askvoll Sjømat og Delikatesser. I dei andre bygdene er boka til sals i alle butikkar (Bulandet, Værlandet, Atløy, Holmedal, Stongfjorden og Kvammen). Ho er også til sals på biblioteket i Askvoll og i bokhandlane i Dale, Førde og Florø.
|